Meny
Linkar
Kyrkjebladet
Inn– og utmelding
web–påmelding dåp
web–påmelding konfirmasjon
Kalender
28 Oktober
11:00 Gudsteneste i Bergsdalen Kyrkje
15:00 Gudsteneste i Eksingedalen Kyrkje
04 November
11:00 Gudsteneste i Eidsland Kapell
11 November
11:00 Gudsteneste, Vaksdal kyrkje
16:00 Familiegudsteneste i Stamnes Kyrkje
18 November
11:00 Gudsteneste, Nesheim kyrkje
16:00 Familiegudsteneste, Dale kyrkje
02 Desember
16:00 Ungdomsgudsteneste i Stamnes Kyrkje
19:00 Ungdomsgudsteneste, Vaksdal kyrkje

  Utskriftsvennlig side

Dale Kyrkje

daleky
Foto: Ann Kristin Flagtveit


Dale Kyrkje er av typen langkyrkje,  bygd i 1955 i betong. Arkitekt Arnstein Arneberg. Kyrkja har galleri med orgel, og sitjeplassar til ca.600. Spissbogestilen (gotisk) er gjennomført alle stader i kyrkja.

Altertavla er måla av Hugo Lous Mohr i 1958, og syner Jesus og læresveinane kring nattverdbordet skjærtorsdag. Øvst ser vi den oppstandne Kristus og bakom han tornekvistane. Handa hans er lyta til velsigning
Orgelet er eletropneumatisk, frå Norsk orgel- og Harmoniumfabrikk, 1956, utført i fransk romantisk stil. Orgelet har 36 stemmer, 45 register og elktrisk spelebord med tre manualar og 2500 piper. Orgelprospektet er teikna av arkitekt Arneberg.

Kyrkjeklokkene er levert av Nauen Klokkestøyperi og veg 340 kg og 580 kg. På den minste klokka står det: "Kalla på gamal og på ung, mest då på sjeli trøytt og tung, sjuk for den evige kvile." På den største står det: "Lova Gud i hans heilagdom, lova han i hans sterke kvelv." Frå Salme 150.

Altartavla frå den gamle Dale kyrkje heng ved døypefonten. Den er måla av Nils Bergslien, Voss.

Preikestol og døypefont er utskårne av av treskjærar Jakob Hjelle, Syfteland i Os. Midt foran på preikestolen er Såmannen som sår Guds ord. Vi ser også dei fem kloke og dei fem dårlege bruremøyane på kvar side. Ørna foran lesebrettet er eit symbol på evangelisten Johannes. Under kuppelen ser vi Den heilage Ande symbolisert som ei due. På kuppelen ser vi murane kring Jerusalem og øvst står Jesus Kristus.

Antependiet - teppet foran altaret - er av kvit damasksilke og har isydd livsens tre med krossen i toppen og er teikna og sydd av Birthe Arneberg Quesseveur.

 

Sjå tidlegare utgåver »
Linkar
»
»
»
»
»
»
»
Dagens bibelord
Kontaktinfo

http://vaksdal.kyrkja.no/img/./fabrikkvegen_liten.jpg

 

Vaksdal kyrkjelege fellesråd
Besøksadr.: Fabrikkvegen 3.
Postadr.: Postboks 113,
5721 Dalekvam

Ekspedisjonstid:
Tysdag og onsdag
kl. 11:00 - 14:00

Tlf: 56 59 39 20
Epostadresse: 

 

 

Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Vaksdal kyrkjelege fellesråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no